vaarlogo-tekst.jpg
 

Ledige stillingar i Hornindal kommune

Velkomen som søkjar på nytt og utfordrande arbeid i Hornindal kommune! Hornindal med vel 1200 innbyggjarar, ligg lengst nord i Sogn og Fjordane fylke. Det er 20 min køyring til Nordfjord-kommunane Stryn og Eid. Vi grensar også til Sunnmøre med kommunane Stranda, Volda og Ørsta. Til Stranda tek det 45 min. Når Kvivsvegen kjem i 2012, tek det ein halv time å køyre ferjefritt til Volda.

Området gjev høve til frilufts- og kulturliv både sommar og vinter.
Bygda er sterk tradisjonsberar, særleg på folkemusikk.

Her er full barnehagedekning. Vi har ein privat familiebarnehage med 10 plassar for born under tre år, ein kommunal med 48 plassar og ein skule med 200 elevar.

Kommunen ligg i framkant som utviklar av bruken av digitale verkty. Her blir drive aktivt førsøks- og utviklingsarbeid i barnehage og skule. Nordfjordkommunane driv utstrekt nettverkssamarbeid på dei fleste sektorar.

Bruk vårt elektroniske søknadsskjema ved søknad på stilling. Skjemaet finn du på lenkja under. Bruk oppgjeve arkivsaksnummer i utlysingsteksten ved søknad. Lukke til!

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 11.02.2010
2010 Ledige stillingar
Informasjon Publisert 30.08.2010
Stilling ledig

50 % fast stilling for Psykiatrisk sjukepleiar eller ein person med høgskuleutdanning og spesialutdanning i psykisk helsearbeid.  Heimel 3002.
Ledig frå 1. november.  Arkivsaksnr. 10/817

100% fast st. som Kommunefysioterapeut.  Heimel 3006.
Ledig frå 1. november. Arkivsaksnr. 10/819

100% fast nyoppretta st. som Miljøterapeut i tenesta for funksjonshemma.  Heimel 3083.   Ledig frå 1. november.  Arkivsaksnr. 10/820

Tilkallingsvikarar i tenesta for funksjonshemma.  Arkivsaksnr. 10/820 

Søknadsfrist 20. september

Informasjon Publisert 29.08.2010
Stilling ledig

Hornindal kommune er inne i ein spennande utviklingsperiode med mange store infrastruktur-prosjekt. I den samanheng er det ved utviklingsetaten ledig 100% vikariat som fagleiar/prosjektleiar innan fagfeltet kommunalteknikk.  

SkriftInterKart SkriftstorleikInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe?
AltInn_MiSide AltInnMinSide
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, Fax 57 87 98 01, post@hornindal.kommune.no