vaarlogo-tekst.jpg
 

Presentasjon av ordførar Edvin Haugen

Edvin Haugen fødd i 1980 er vald til ny ordførar for perioden 2009-2011 etter at Bjørn Lødemel vart vald inn på stortinget 14 september 2009.
Eg er no inne i min 2 periode som medlem i Hornindal Kommunestyre. Fyrste perioden sat eg i kommunestyret. I denne perioden har eg i tillegg til kommunestyre vore medlem av formannskapet.

Til no i mitt yrkesaktive liv (12 år) har eg hatt Ekornes Grodås som hovudarbeidsgjevar. Ein jobb som har vore trygg, god og ikkje minst utviklande.
Erfaringane frå Ekornes har gjett meg ein god balast som eg veit kjem godt med i rollen som ordførar.

Eg ser fram til å jobbe som ordførar, og vonar at eg i godt samarbeid med administrasjonen, politikarane og bygdefolket kan gjere ein jobb til Hornindal Kommune sitt beste.
Mange spennande saker og utfordringar står for tur som til dømes: RV 60, bygging av fleirbrukshall, utvikling av Coop-tomten og ikkje minst førebuing til ”livet etter” Kvivsvegsopninga. Her har vi alle eit felles ansvar for å stå rusta for framtida.

Håpet mitt er at bygdefolket, og folk elles vil bruke meg aktivt i tida framover. Eg vil etter beste evne prøve å vere ein lyttande og hjelpande ordførar. Så ikkje nøl med å ta kontakt!

Vi pratast!!
 
Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg Edvin Haugen. Sist endra 09.10.2009
Kontaktinformasjon Edvin Haugen
NamnTelefonEpost
Edvin Haugen 90 84 12 49 / 57 87 98 02 edvin.haugen@hornindal.kommune.no
SkriftInterKart SkriftstorleikInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe?
AltInn_MiSide AltInnMinSide
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, Fax 57 87 98 01, post@hornindal.kommune.no