vaarlogo-tekst.jpg
 
Nordfjordkommunane
Samarbeidskommuner Stryn kommuneHornindal kommuneGloppen kommuneEid kommuneBremanger kommuneVågsøy kommuneSelje kommune
Webkamera sommer Webkamera Hornindal

Om Hornindal

Hornindal kommune ligg i det nordaustre hjørnet av Sogn og Fjordane fylke og grensar til Møre og Romsdal fylke med kommunane Stranda, Ørsta og Volda som naboar i nord og aust. Når Kvivsvegen kjem i 2012, tek det ein halv time å køyre fergefritt til Volda. I eige fylke grensar kommunen til Eid i vest og til Stryn i sør.
Med eit areal på om lag 190 km2 og eit folketal på rundt 1200, er kommunen ei av dei minste i fylket. I vest ligg Hornindalsvatnet, vel 50 km2, den største innsjøen på Vestlandet, og den djupaste i Europa - 514 m djup.

Frå kommunesenteret Grodås i austenden av vatnet går eit breitt og ope dalføre 14 km austover til Møre grense. Dalen har vore ein viktig gjennomfartskorridor mellom dei to nabofylka, også Den Trondhjemske postvegen gjekk gjennom Hornindal. Hornindal er ikkje så trong og vill som ein del andre dalar i Indre Nordfjord, men liknar meir på ein open austlandsdal. Frå dalbotnen går liene slakt over i fjella ikring.

Fleire mindre dalføre skjer seg ut frå hovuddalen og gjev rom for seter- og hyttegrender. Lagleg terreng og gode snøtilhøve skaper gode mulegheiter for tur- og skiaktivitetar.

Folkesetnaden i kommunen finn ein i hovuddalføret og langs vatnet, særleg då langs Kjøsapollen, ein sidearm av Hornindalsvatnet.
 
Publisert av Joar Helgheim. Sist endra 03.03.2008

Artiklar
SkriftInterKart SkriftstorleikInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kontaktinformasjon
Hornindal kommune
Kommunehuset Smia
Telefon 57 87 98 00
 
 
E-post :  post@hornindal.kommune.no
 
 
Org.nr. : 835 095 762
Kontonr : 3820.07.00144
Kommunenr : 1444
_
Opningstid : 09:00 - 15:00
6. Kirkhornsetra. Restaurering av sel og bygninger på setre og i utmark er prioritert for tilskot.
Kirkhornsetra
Fotograf: Trond Mehlum, Hornindal kommune
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, Fax 57 87 98 01, post@hornindal.kommune.no