|
|
|
Sommerutstilling i Anders Svor Museum
Per Inge Bjørlo stillar ut sine skulpturar i tida 29. mai til 20.september.
PerInge Bjørlo er fødd i 1952 i Ålesund og utdanna ved Bergen Kunsthåndverkskole og Statens Kunstakademi i Oslo. Han flytta til Hønefoss i 1980. Etter å ha arbeidd med å uttrykke kjensler gjennom industrielle materialer som gummi, glas, stål, fekk han i 1985 eit utsmykkingsoppdrag og atelier til disposisjon på papirfabrikken Follum. Bjørlo har halde fram med å utvikle formspråket sitt innanfor den "industrielle materialporteføljen" og er som få andre i stand til å formulere uttrykk frå sjølve livet gjennom desse materiala. Livet sine kvasse kantar, harde hjørner, vegger eller avgrunnar formulerer likevel ikkje berre dystopien, men utfordrar óg refleksjonen over viljen og styrken i livet. (Kjelde: Sogn og Fjordane Kunstmuseum)
Lenke til Sogn og Fjordane Kunstmuseum si nettside finn du nedanfor.
Publisert av
Trond Erlend Mehlum.
Ansvarleg
Rådmannen.
Sist endra 20.07.2010
|
|
|
|
|
Ved Kongsvik
Fotograf: Trond Mehlum, Hornindal kommune
|
|
|